Visning: A A | A A A

SPRÅK OG DEMOKRATI - Foredrag med språkprofessor Rolf Theil (UiO)

Rolf Theil

ONSDAG 29. OKTOBER kl.19:00

Språkprofessor Rolf Theil (UiO) held foredraget ”Språk og demokrati i nasjonal og internasjonal samanheng”.

Rolf Theil er ein uvanleg språkmektig formidlar av språk frå heile verda. Han kan om lag 50 språk. Theil har vore språkspaltist i Klassekampen og i VG; han har gitt ut mange bøker, og blant desse også populærvitskaplege bøker om språk og språkpolitikk.

Gjennom erfaringane som Rolf Theil har gjort seg i yrket sitt, har han lært mykje om kva språk har å seie for demokratiet – og demokratiet for språket! Han kjem til å illustrere dette med meir og mindre hyggelege eksempel frå mellom anna Afrika, Sameland og Noreg.

Inngang: kr 100 (kr 50 for skoleungdom)

Velkomen!
Arr: Toten dialekt- og mållag

2014-10-16